«Jeg trenger ikke bein for å stå her»

OMSLAG-skrivekunstakademiet-2018-9788293312055.inddVelkomen til lansering av «Jeg trenger ikke bein for å stå her», årets studentantologi frå Skrivekunstakademiet! Boka er ei samling nyskrivne tekstar, utvald og redigert av studentane sjølve. Dei som bidreg i boka, er: Ravn Midgaard Stenberg, Amalie Hyldegaard Nielsen, Carl Henrik Berge, Nanna Lund, Johannes Wiggen Kramhøft, Julia Nilsen Martincic, Silje Linge Haaland, Eira Einarsdatter Søyseth, Anna Konupek With, Marte Normann Bakke, Anngjerd Rustand og Krista Lien Indrehus. Det blir opplesing, bar, vårstemning i Bergen og generelt festlege tilstandar på Landmark, onsdag 9.mai klokka 20. Me gler oss vilt. Gratulerer med bok, og vel møtt, alle som vil få ein smak av den nye vinen.