Søk Påbyggingskurs i skapande skriving

gunnarpedroHar du eit litterært prosjekt som du ønskjer hjelp til å utvikle vidare? No kan du søkje om plass på Påbyggingskurs i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet. Kurset er samlingsbasert og strekkjer seg over eit år, under leiing av Pedro Carmona-Alvarez og Gunnar Wærness. I ei gruppe på seks personar tek dei for seg korleis ein arbeidar fram eit litterært arbeid, og korleis ein kan tenkje dramaturgisk omkring eit manuskript. I undervisinga fokuserer dei på litterære metodar og formtradisjonar, samtidig som det blir lagt stor vekt på nærlesing, slik at kvart einskild manuskript sine utfordringar blir møtt på eigne premissar. Søknadsfrist er 15.mai 2018. Meir informasjon om kurset og korleis du søkjer, finn du her.