Sommarkurs med Hildegunn Dale og Henning Bergsvåg

Henning BergsvŒgHildegunn-Dale2Ønskjer du å komme i gong med skrivinga for alvor, eller treng eit kick for å komme vidare? Skrivekunstakademiet sitt sommarkurs går over fire dagar, frå tysdag 26. til fredag 29.juni, og passar for deg som ønskjer å utvikle deg litterært og ta skrivinga på alvor i ei gruppe med likesinna. I år er me veldig glade for å annonsere at det er Henning Bergsvåg og Hildegunn Dale som er kurshaldarane. Søknadsfrist er 1.juni, og kursavgifta er på 4000 kroner.

Du søkjer med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter, og det er desse sidene det i hovudsak vil bli arbeidd med på kurset, i tillegg til andre skriveøvingar, samtalar og liknande. Det er derfor viktig at deltakarane er førebudde på at alle les kvarandre sine tekstar, og at ein har lese tekstane før kursstart. Søknaden sender du til post@skrivekunst.no (send helst teksten som pdf). Legg ved kontaktinformasjon om deg sjølv: e-postadresse, telefonnummer og postadresse. Vi tek inn inntil 12 søkjarar.

Om årets kurshaldarar: Henning Bergsvåg debuterte i år 2000 med diktsamlinga Newfoundland, og har sidan gitt ut seks diktsamlingar, der den seinaste, Du er ikke her, kom i 2016. Han er ein språkmedviten poet som orienterer seg mot samtidspoesien langt ut over Noregs grenser, og er omsett til fleire språk. Heilt sidan han debuterte, har Bergsvåg vore ein viktig del av Bergens og Vestlandets litteraturmiljø, og har drive utstrekt formidlarverksemd, dei seinare åra med det særs vitale poesiklubbkonseptet Poesidigg som fremste døme. Han har også mange års erfaring med å halde skrivekurs i alle sjangrar. Hildegunn Dale debuterte i 2003 med diktsamlinga Solkant, men hadde alt i fleire år før debuten vore ein markant diktar i Bergens poetiske undergrunn. Sidan debuten har ho gitt ut seks bøker, den seinaste, Ein halv dag, kom i 2015. Dale er ein stilfull og språksikker poet, som òg har lang røynsle som redaktør for Samlagets serie av omsett lyrikk. Dei er begge sentrale røyster i den norske samtidslitteraturen, og me gler oss enormt til årets kurs. Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss på e-post post@skrivekunst.no