Søk Årsstudium i skapande skriving

_NI17811Drøymer du om å bli forfattar, og ønskjer å bruke eit år saman med likesinna til å utvikle skrivinga di? No kan du søke om plass på Årsstudium i skapande skriving. Skrivekunstakademiet i Hordaland har drive opplæring i skjønnlitterær skriving i over 30 år, og alle våre skrivelærarar er særs røynde forfattarar med mange års erfaring. Studiet er godkjent av Lånekassen og gir 60 studiepoeng. Søknadsfristen er 1.april (ettersom det i år er ein heilagdag, er den endelege fristen tysdag 3.april, som er første virkedag etter påske), noko som betyr at søknaden må vere poststempla seinast denne dagen. Meir om studiet og korleis du søkjer, finn du her.