Temakveld med Jan Kristoffer Dale

SAMSUNG CSCVelkommen til årets tredje temakveld på Skrivekunstakademiet, denne gongen med ingen ringare enn Jan Kristoffer Dale som gjest. Dale var student ved akademiet i 2011-12, debuterte i 2016 med novellesamlinga «Arbeidsnever», som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris og ei rekkje andre utmerkingar for. På temakvelden vil han mellom anna snakke om vegen fram til «Arbeidsnever», om inspirasjonen frå (den amerikanske) novelletradisjonen, klasseperspektiv og skriveprosess. Me gler oss enormt! Tid: Fredag 9. mars, kl.19.00. Stad: Skrivekunstakademiet, USF Verftet. Det blir bar med sal av øl og vin til sympatiske prisar, og gratis kaffi. Arrangementet er som vanleg gratis og ope for alle. Vel møtt.