Temakveld: Mette Moestrup om Eileen Myles

21_billede-2Velkomen til årets andre temakveld på Skrivekunstakademiet torsdag 22.02, denne gongen med Mette Moestrup som gjest! I 2017 kom Eileen Myles si diktsamling Not Me ut på dansk, i Mette Moestrup si omsetjing. Ikke mig fekk strålande mottaking i dansk presse, og som forlaget OVO press seier om Moestrups arbeid: «hun har simpelthen genskabt Myles tone på dansk, wow!» Not Me kom ut i USA i 1991, og var Myles sitt gjennombrot som forfattar. Her finst ei gjennomgripande og radikal interesse for kjønn, homoseksualitet, samfunn, kjærleik, identitet, politikk, og ho proklamerer: «vi er alle Kennedy’er. Og jeg er jeres president».  I 1991 stilte også Myles opp i det amerikanske presidentvalet. Eileen Myles (f. 1949) blir av New York Times kalla «ein kultfigur for ein generasjon av post-punk kvinner, som skaper deira eigen litterære avantgarde», Ben Lerner kallar henne ein «institusjon» – og på denne temakvelden på Skrivekunstakademiet vil altså publikum få høve til å stifte kjennskap til ein heilt særeigen, hardtslåande og ikkje minst fantastisk forfattarskap, gjennom ingen ringare enn Mette Moestrup. Mette Moestrup er fast gjestelærar på Skrivekunstakademiet, og har sidan debuten i 1998 markert seg, som Myles, med ein forfattarskap prega av ei gjennomgripande interesse for kjønn, seksualitet, samfunn, identitet, språk, og makt. Ho er ein av dei poetane som blir lesne og diskutert over heile Norden, og som har arbeida, både gjennom poesi og performance, med å sette feminisme og kjønnsdiskusjon på dagsorden. I kveld er det Moestrups arbeid med Myles som står i sentrum, og korleis det å arbeide med ein annan forfattars tekstar kan verke på eins eigen forfattarskap. Blant anna. Vi gler oss enormt! Tid: Torsdag 22.02 klokka 19.00. Stad: Skrivekunstakademiet, USF Verftet. Det blir bar med sal av øl og vin, og gratis kaffi. Arrangementet er som vanleg gratis og ope for alle. Vel møtt!