Temakveld med Lotta Elstad: «Jeg nekter å tenke»

1Lotta ElstadFredag 2.februar klokka 20 blir det temakveld med Lotta Elstad på Skrivekunstakademiet. I haust kom Elstad med sin tredje roman, «Jeg nekter å tenke». Etter ei reise vender bokas hovudperson heim til Oslo, der ho oppdagar at ho er gravid, ein tilstand ho trur det skal vera enkelt å få endra på. Det viser seg å vera langt vanskelegare enn ho hadde førestelt seg. Ifølgje Flamme forlag er romanen ein svart, feministisk samtidskomedie om politikk, kjærleik, og ein avgrunn som er farleg nær. Temakvelden tar for seg denne seinaste romanen til Elstad, så vel som romanskriving, feminisme, politikk og det å gå frå å skrive journalistisk til å skrive skjønnlitterært. Lotta Elstad (f.1982) romandebuterte i 2012 med «Ettromsleiligheten», og følgde opp med roman nummer to, «Et eget rom», i 2014. Ho er òg journalist og sakprosaforfattar. Elstad er gjestelærar på romankurset ved Skrivekunstakademiet, og temakvelden representerer avslutninga på kurset. Arrangementet er som vanleg gratis og ope for alle. Det blir bar med sal av øl og vin, og gratis kaffi. Betaling kontant eller via Vipps. Velkomen til årets første temakveld i lokala våre på USF Verftet!