Responskurs med Tormod Haugland våren 2018

Haugland-TormodHelga 17. og 18.mars 2018 arrangerer Skrivekunstakademiet responskurs med Tormod Haugland. Tormod er ein av Skrivekunstakademiets mest erfarne skrivelærarar, og har sidan han debuterte med romanen Under i 1994 gitt ut fleire kritikarroste romanar, noveller, dikt og dramatikk. I 2017 kom den seinaste romanen i rekkja, Om dyr og syn, som har hausta strålande kritikkar og blant anna er nominert til P2-lyttarane sin romanpris. Tormod har ansvar for romankurset på Skrivekunstakademiets årsstudium, og i responskurset brukar han same undervisingsmodell som ein gjer på akademiet.

Mari Johanne Nilsen er tidlegare elev ved Skrivekunstakademiet, og har gått både på Årsstudium- og påbyggingskurs i skapande skriving. Ho er ein av svært mange som hadde sitt første møte med Skrivekunstakademiet på responskurs:

- Eg hadde nok aldri komme inn på Årsstudiet dersom eg ikkje hadde gått på responskurset først. Kurset gav meg ei heilt anna tekstforståing enn det eg hadde frå før. Eg trur det gjorde meg til ein betre lesar, rett og slett.

Mari hadde tekstar på trykk i debutantantologien Signaler i 2017, året etter at ho fullførte påbyggingskurset ved Skrivekunstakademiet. Sjølv trur ho grunnlaget oppstod på responskurs.

- Eg fekk ei kjensle av at tekstane mine vart tekne på alvor. Det eg lærte mest av, var overraskande nok samtalen omkring bordet om alle sine tekstar, ikkje berre mine eigne. Eg oppfatta verkeleg tekstane heilt annleis før og etter gjennomgangen. Sjølv fekk eg ein del kommentarar som eg aldri hadde komme i tankar om på eiga hand, og mange av dei var nokså enkle grep som likevel gjorde dei langt betre.

Full kurspris er 2300 kroner, men om ein søkjer innnan 15.februar, har vi eit spesialtilbod på 1850 kroner for dei som er tidleg ute. Endeleg søknadsfrist er 1.mars.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss på post@skrivekunst.no eller telefon 55 23 04 50. Meir om kor mange sider du kan sende, korleis kurset føregår reint praktisk og korleis du søkjer, finn du her.