Temakveld: Novella losnar på snippen

tungen_eecb6e59-a526-49e9-9180-9615ddcf502d_2048x2048sek_person_scid_10781Korleis står det til med novellesjangeren i Noreg godt inne på 2000-talet? Kvar har sjangeren utvikla seg, og er moglegheitene fleire enn mange trur når det gjeld å skrive kortare prosa? Nokre svar kan ein håpe å få i møte med to aktuelle norske novelleforfattarar, Therese Tungen og Kristian Hæggernes. Tungen debuterte i år med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar, medan bergensforfattar Hæggernes gav ut si første samling noveller/forteljingar då han i år kom med Ida og Oda og andre fortellinger. Dei presenterer bøkene sine og samtalar med skrivelærar Rolf Enger om novelleskriving, og det er høve for publikum til å delta i samtalen. Arrangementet markerer slutten på årets novellekurs ved Skrivekunstakademiet, og er som vanleg gratis og ope for alle. Vel møtt! Tid: Fredag 17.november. Stad: Amalies hage, Bergen offentlige bibliotek.