Cecilie Løveid og Olaug Nilssen nominert til Brageprisen

Cecilie LøveidOlaug_2017Skrivekunstakademiet gratulerer skrivelærar Cecilie Løveid og tidlegare akademileiar Olaug Nilssen med nominsjonane til Brageprisen 2017. Cecille Løveid er nominert i open klasse med diktsamlinga Vandreutstillinger, der ei rekkje kunstverk og kunstnarar vert skildra i poetisk form. I grunngjevinga for nominasjonen skriv juryen blant anna at » (…) målet med samlinga er ikkje berre å skildre store verk, men å vekkje eksistensiell undring hjå lesaren, og det skjer på ein underfundig og fabulerande måte og » (…) enkeltdikta er direkte og slåande, medan samlinga som heilskap er gjennomkomponert som eit teaterstykke i tre delar». Olaug Nilsen er nominert i klassen skjønnlitteratur for romanen Tung tids tale, som av juryen blir skildra som «eit rørande brev til ein elska son, ein fortvila rapport frå ein utmattande kvardag og eit verknadsfullt kampskrift mot diagnosesamfunn og rigid byråkrati». Me gratulerer dykk begge to!