Temakveld: Noe dramatisk. Øyvind Berg i samtale med Cecilie Løveid

øivind bergFredag 27.oktober inviterer Skrivekunstakademiet på haustens andre temakveld i Amalies hage på Bergen Offentlige Bibliotek.  Øyvind Berg, som debuterte i 1982 med diktsamlinga Retninger, har eit spannande og variert forfattarskap som inneheld lyrikk, dramatikk og gjendikting. I tillegg er han ein av drivkreftene bak teatergruppa Baktruppen. Hos oss vil han ta for seg nokre trekk som er felles for dramatiske tekstar gjennom alle tider, og ikkje minst undersøke eit par nyare dramatiske fenomen innan ulike kulturfelt – slik som til dømes røyndomslitteraturen, eller Morten Traaviks nordkoreanske eventyr. Saman med kollega og lærar ved Skrivekunstakademiet, Cecilie Løveid, vil Øyvind Berg snakke om å krysse sjangergrensene, men òg heilt enkelt om det å skrive. Temakvelden representerer avslutninga på haustens kurs i dramatikk for studentane på Skrivekunstakademiet. Arrangementet er som vanleg gratis og ope for alle. Vel møtt!