Responskurs med Tormod Haugland 21.-22.oktober

Haugland-TormodSkriv du skjønnlitterære tekstar, men saknar ei grundig lesing av ein kompetent forfattar? Eller er du ein som skriv som gjerne vil gi og få tilbakemelding i ei gruppe med likesinna? Skrivekunstakademiet har hatt responskurs for vordande forfattarar i nærare 30 år, og sit på ei eineståande erfaring når det gjeld grundig lesing og tilbakemelding. Mange som har deltatt på våre kurs, har kome vidare i manuskript dei har stått fast med. Dessutan har svært mange av dei som deltar på responskurs hos oss, seinare blitt tatt opp som elevar på Skrivekunstakademiet, og mange har sidan debutert som forfattarar. Helga 21.-22.oktober er det igjen klart for responskurs med Tormod Haugland. Søknadsfrist: 2.oktober innan klokka 10. Meir informasjon om kurset og korleis du kan søke, finn du her.