Sommarkurs med Pedro Carmona-Alvarez og Tiril Broch Aakre

tirilbrochaakrepedro

Har du lyst til å ta skrivinga meir på alvor, men slit med å kome i gang? Eller ønskjer du å bli inspirert til å dyrke skrivinga vidare? Sommarkurs ved Skrivekunstakademiet går over fire dagar og passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving på alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Ikkje minst vil du møte andre som interesserer seg for skriving, og få tilbakemelding på tekstane dine saman med ei engasjert gruppe og to særs dyktige forfattarar. Pedro Carmona-Alvarez og Tiril Broch Aakre er årets kurshaldarar. Du kan lese meir om dei og om korleis du søkjer her.