Søk Påbyggingskurs i skapande skriving

pedrogunnarArbeidar du med eit litterært manuskript som du gjerne vil fordjupe deg i? No kan du søkje Påbyggingskurs i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet. Kurset er eit samlingsbasert kurs meint for deg som har ei eller fleire skjønnlitterære utgjevingar bak deg, eller har gått minst eit år på kreativ skriveutdanning på universitets- eller høgskulenivå. Kursleiar er Pedro Carmona-Alvarez i samarbeid med Gunnar Wærness som fast gjestelærar. Du kan lese meir om kurset og korleis du søkjer her. Søknadsfristen er 15.mai 2017.