Rolf Sagen er død

rolf_sagenRolf Sagen, forfattar og grunnleggjar av Skrivekunstakademiet, sovna stille inn natt til torsdag etter lang tids sjukdom. Han blei 76 år gamal. Rolf Sagen skipa Skrivekunstakademiet i 1985, og var akademileiar fram til 1993. I dei over 30 åra Skrivekunstakademiet har eksistert, er det mange skrivande menneske som kan takke Rolf Sagen for arbeidet og innsatsen han gjorde då han grunnla eit eige akademi for skrivekunst. For å seie det med hans eigne ord: (…) «Når ein først har valt å følgje denne viljen eller trongen, og søker ein stad å vere med denne, så trengst eit rom, ein stad å vere med sin trong.» Skrivekunstakademiet ønskjer å uttrykkje si djupaste medkjensle med Rolf Sagen sine etterlatne i sorga.