Nye stemmer på Litteraturhuset

_NI18044Torsdag 6.april klokka 19 kan du høyra rykande ferske tekstar av årets studentar ved Skrivekunstakademiet. Med seg på scena har dei svenske UKON i selskap med Erlend O. Nødvedt og Tormod Haugland. Opplesingskvelden er sluttresultatet av eit kurs i tekstframføring studentane har hatt denne veka, der dei ved hjelp av dei tre nordiske forfattarane nemnd over har fått hjelp til å undersøkje og utvikle teksten sitt performative potensiale. Resultatet av dette arbeidet blir å høyre og sjå denne kvelden på Litteraturhuset. Det blir tekstar av Priya Bains, Eirik Smiset Røkkum, Ingrid Lorentzen, Marie Meulman, Sturla Sumarlida Larsen, Helene Hovden Hareide, Inger Størseth Haarr, Svanhild Amdal Telnes, Karoline Marie Brændjord, Mats Sørsdal Gravningsbråten, May Therese Vorland og Jonas Kroken Sævereide. Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen!