Temakveld om konseptuell tekst

GBAMGitte Broeng (DK) og Audun Mortensen har begge erfaring med å tenke tekstleg konseptuelt. Dei kjem til Skrivekunstakademiet tysdag 2. desember for å fortelje om sine erfaringar med sjangeren. Vi får ei oversikt over klassiske konseptverk og ei innføring i dei to forfattarane sine eigne verk, som ofte sameinar det visuelle og det poetiske. Av Gitte Broeng sine bøker er Croquis komen ut på norsk, Audun Mortensen er seinast aktuell med Dyr jeg har møtt. Arrangementet startar kl. 19 og blir leia av Cecilie Løveid. Gratis inngang – ope for alle!