Jan Roar Leikvoll er død

leikvollJan Roar Leikvoll er død, 40 år gamal. Leikvoll skreiv sterke bøker som blei høgt prisa av lesarar og kritikarar. Han var student ved Skrivekunstakademiet i 2002-2003, og var seinast innom oss i vår for å snakke om skrivinga si. Me synst den altfor tidlege bortgangen hans er svært trist, og sender vår djupaste medkjensle til dei som var nær han.